JAN NYBERG

Nordfjording. Har vore journalist i ein mannsalder. Har studert moderne, fransk poesi til inga nytte. Likar å snekre, grave i jorda og måle uforståelege bilete. I overkant interessert i stolar og har skrive bøker om arkitektur og design. Jobbar på nyhetsdesken i Bergens Tidende.

Innlegget sto først på trykk i Bergens Tidende 11. februar 2017.

Den enkle kunsten å redde jorda

Der eg bur store delar av året, er jordsmonnet sørgjeleg skrint. Difor har eg starta min eigen jordfabrikk. Det er enkelt, gratis og godt for miljøet. Og ganske moro.

Det er ikkje berre daglegvarekjedene som kastar store mengder mat som kunne vore brukt til langt nyttigare føremål enn å ende opp som restavfall. I følgje Statistisk sentralbyrå kastar kvar og ein av oss nesten 450 kilo hushaldsavfall kvart år. Litt sjukt, eller?


I’m gonna make my garden great again
Jan Nyberg, Bergens Tidende


Bill Mollison – eller Uncle Bill blant vener – heitte ein underleg skrue frå Tasmania. Den legendariske økofilosofen, forelesaren, bonden, poeten og sjarmøren døydde i september i fjor, 88 år gammal. Han er lenge blitt rekna som permakulturens far, ein økologisk krigar som vigde livet sitt til propaganda for biologisk mangfald og økologisk bærekraft.

Då han døydde, hadde ideane hans slått rot i 126 land verda over, skreiv britiske The Guardian i sitt minneord. Også her i landet er ideane hans i ferd med å slå rot og bere frukt. Blant anna på Bestebakken i Hafslo.

Eg er sjølv med i dette internasjonale bror- og søsterskapet av late mikrobønder som ikkje er redde for å stikke fingeren i jorda og få skit under neglane. Med små middel prøver vi å spele på lag med naturen og ikkje mot den, med ein skummel plan om å redde jorda på dei små jordflekkane vi har. Difor har eg også starta med kompostering.


Den største endringa vi må gjere i det grøne skiftet er å gå frå konsum til produksjon, sjølv i den minste skala, i våre eigne hagar.
Bill Mollison (1928–2016)


Det går fint, sjølv om eg for det meste bur midt i byen. Med bokashi-kompostering går alt matavfall: restar av brød, kjøt, fisk og grønsaker, rett i ei lufttett kompostbøtte som ikkje gir frå seg den minste lukt, i motsetning til vanleg kompost.

Eit strø basert på hvetekli, bygg, sukkermelasse og mikroorganismer mellom laga, set i gang ein fermenteringsprosess. Etter nokre veker kan du grave den ned i jorda, om du er så heldig å ha ein liten jordflekk i nærleiken, eller i ei bøtte med jord på terrassen om du ikkje har. I løpet av nokre veker omdannar jorda komposten til næringsrik, feit, god matjord som bærbuskar, frukttre og grønsaker elskar. Frå eit lite kammer i bøtta kan du sile frå konsentrert, flytande gjødsel som du blandar ut ein til hundre med vatn, Vips har du endå meir næring til det du måtte ha av buskar, tre, plantar eller blomar i permakulturhagen din. Garantert giftfritt.

Ein ekstra bonus er at du slepp å gå ut med illeluktande restavfall frå kjøkkenbenken kvar dag.

“Den største endringa vi må gjere i det grøne skiftet er å gå frå konsum til produksjon, sjølv i den minste skala, våre eigne hagar. Om berre ti prosent av oss gjer det, vil det vere nok mat til alle,” skreiv Mollison i ein av sine mange pamflettar.

RIP Uncle Bill. I’m gonna make my own garden great again!

Jan Nyberg